mandag 22. november 2010

Bokmelding: "Årstadmordaren"


I uke 45 leste klasse 1STUA ved Mysen Videregående Skole ut boka "Årstamorderen". Det var blandede meninger rundt boka, men alt i alt var vi veldig fornøyde med både innholdet og strukturen.  Da vi i samme uke skulle skrive skolestil, var det noen ivrige og engasjerte elever som valgte å skrive en bokanmeldelse av boka. En av disse anmeldelsene har vi kopiert inn, slik at dere som leser bloggen kan få vite hva andre klasser synes om boka, kom med gjerne med innspill i kommentarfeltet.

Den vesle uskuldige festen til Mikaela begynte som ei morosam og spennande oppleving, men enda i ei katastrofe. Ei jente frå festen vart drepen, og ikkje mange dagane etter kom det ei ny dødsmelding til politiet. Ein samvitslaus mordar er på frifot.
Romanen ’’Årstamordaren’’ er skrevi av Magnus Nordin, og boka ble fyrste gong gitt ut i 2007. Magnus Nordin har skrevi mange bøker for ungdom, og’’ Årstamordaren’’ er ei av dei. Han begynte allereie som 12-åring å skrive bøker, og da Magnus Nordin jobba som lærar i ungdomsskulen, lærte han mykje om miljøet rundt elevane. Med gode skildringar, følelsar og spenning klarer Magnus Nordin å skildre livet til hovudkarakterane og deira situasjonar, på kvar sin måte.
I byrjinga av boka får vi høre om drapet som mordaren fyrst utførte, deretter blir vi kjend med venegjengen. Dette kallast ein prolog.  Vi vet aldri når drapa hender, men ved hjelp av avisartiklar får vi mykje informasjon.
’’Drapsbølgje i Årsta’’ handlar om livet til dei lokale rockeheltane og deira venar. Dei har det utruleg bra saman, men festen til Mikaela forandra forholdet mellom alle i heile gjengen. Henke er ein av hovudkarakterane i boka. Han er populær, og i bandet er Henke ’’sjefen’’ bak trommene. Bandet begynner å få ulike spillejobbar, men det at Hegern får eit vondt rykte på seg, er med på å splitte bandet.
Henke er Mikaelas besteven, og støer Mikaela i alt ho seier. Mikaela vil jo ikkje innrømme at sine eiga følelsar gjekk utover Hegern, og fortalde ei løgn til Henke om heile situasjonen. Samstundes som politiet ble kontakta på grunn av voldtekta som hendte på festen, kom det fram at ei av jentene som hadde vore der også var drepen. Mykje skyldfølelse og tankar kom fram i alle hovuda, mens mordaren er den einaste personen som kan leve eit liv med maske.  Sjølv slit mordaren med livet som einsam, og får ut sorga etter bestemora ved å drepe jenter og ha sex med dei etterpå.
Eit ordtak seier at ærlegskap varar lengst, og eg syns det passar fint til denne boka. Fleire av personane i boka lyg om sanninga, og dette får alvorlege konsekvensar som seinare kan føre til døden.
Sjølv syns eg at denne boka er kjempebra! Den handlar om ungdommar og tar for seg temaa som vi ofte er interessert i.  For ungdommar flest er kjærleik, usikkerheit, sjalusi og venar tema som dei bryr seg om. Denne boka har litt av alle desse temaa. Det desse  ungdommane i boka måtte gjennomgå, kunne skjedd med  kven som helst, og det er litt skummelt å tenkje på.
Etter mi meining er ’’Årstamordaren’’  ei bok som passar for alle ungdommar. Eg syns nok ikkje at den passer for personar som er under 13 år, for i handlinga får vi vere med på både sex og drap. Romanen er spennande, og eg klarte verkeleg ikkje å leggje frå meg boka da eg var godt inne i ho. Lesaren kan sjå alt som hender i boka, men hovudpersonane veit ikkje kva som hender andre stader. Det beste er at vi får vere med inn i hovuda, og  sjå korleis dei ulike hovudkarakterane tenkjer. Vi får mykje informasjon om korleis livet er i den vesle bygda, og kva ungdommane gjer på fritida si.
Det eg syns er så bra med boka, er at alle hovudpersonane i boka er seg sjølv, og alle av dei er spesielle. Dei er alle forskjellige individ, og deira følelsar betyr mye for ’’Årstamordaren’’. Det var ein ting som faktisk gjorde meg litt småkvalm, og det var disse tankane til mordaren. Eg syns det var heilt forferdeleg å tenkje på at nokon menneske faktisk tenkjer på den same måten som han, altså at dei planlegga å drepe i staden for å snakke om følelsane sine. Nå når eg tenkjer på mordaren,  er det første som slår meg at han har det verkeleg ikkje godt med seg sjølv.  Eg trur han skjuler følelsane sine bak ei stengt dør i hjarte, og i andletet ber han ei såkalla maske. Døra i hjartet er ikkje lett å få opna, og maska er vanskeleg å ta av. Heile livet hans kan jo bli blotta, og sanninga komme fram! Det er ikkje bare mordaren som har det vanskeleg med følelsar, men eg trur det er sanninga som skremmer hovudpersonane.
Skrevet av Mari

Lagt ut av Pia og Cecilie

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar